Positivt driftsresultat for Etne kommune 2025

Førebels årsrekneskap for Etne kommune viser eit positivt netto driftsresultat på 22,1 millionar kroner i 2025. Dette tilsvarar 4,29% av driftsinntektene, og viser at kommunen har hatt eit år med god økonomisk utvikling.

Fleire faktorar bak det gode resultatet

Det gode resultatet kjem mellom anna av:

  • god finansavkastning
  • auka renteinntekter
  • noko høgare skatteinngang enn budsjettert
  • auka overføringar frå staten
  • mindreforbruk i fleire einingar

 
Rammeområda samla hadde eit mindreforbruk på om lag 3 millionar kroner. Sjølvkostområda er ein del av sektor bygd og samfunn og står for noko av mindreforbruket. Overskot på sjølvkostområda inngår i netto driftsresultat, men blir satt av til eigne bunde fond, og brukt for å dekka framtidige utgifter eller framførbart underskot frå tidlegare år.

Finansavkastninga ligg om lag 5 millionar over justert budsjett, og har stor betydning for resultatet. Samstundes må kommunen vera førebudd på at avkastninga kan svinga frå år til år, og at framtidige resultat kan variera.

Resultat av målretta arbeid

Det har blitt jobba svært målretta i Etne kommune dei siste åra. Me har hatt stort fokus på varig omstilling og varig endring. Kommunane er inne i ei ny tid – og behovet for å endra seg er større enn nokon gong. Omstillinga som Etne kommune no lukkast med, legg eit solid grunnlag for framtida. Me riggar tenestene våre for ei tid der me må løyse oppgåvene med færre ressursar. Dette har me klart utan å ty til klassiske innsparingar og nedskjeringar. Det betyr at me framleis kan satsa på både dei tilsette og tenestene våre. I Etne kommune har me eit knallsterkt lag av tilsette som drar i same retning for å lukkast. No ser me resultata av dette arbeidet: Me leverer eit rekordhøgt årsresultat i ei krevjande tid, seier kommunedirektør Åsmund A. Sekse.

Det gode driftsresultatet for 2025  bidreg til å styrkja kommunen sine økonomiske reservar og gir eit solid grunnlag for å oppretthalda ein berekraftig økonomi i åra som kjem.

Vidare prosess

Rekneskapen er nå oversendt til revisjon for kontroll og godkjenning før den skal til politisk behandling før sommaren.