Pressemelding fra Etne kommune
Etne kommune har sett kriseleiing etter at det i dag gjekk eit større steinras aust for Fjæratunellen.
Det er ikkje meldt om personskadar, og kommunen er svært letta over at det gjekk bra med dei som oppheldt seg i området då raset gjekk. Kommunen har kartlagt dei første konsekvensane for kommunale tenester, og beredskap er ivaretatt for dei som bur aust for rasområde. Kommunen vil ha nytt møte kl 18.00 i dag.
Evakuering
Politiet har evakuert personar frå området. Evakueringa blir handtert av politiet, og kommunen støttar ved behov.
Informasjon til innbyggjarar som bur eller oppheld seg aust for rasområde i kommunen:
• Legevakt: Ring 116117 (Du vil få helsehjelp fra Ullensvang kommune ved behov)
• Ved akutt behov for hjelp: Ring 113
Skuleskyss frå Teigland/Tjelmeland og langs E-134:
Raset i Fjæra påverkar ikkje skyssen i morgon. Bussen startar på Teigland og køyrer ruta som vanleg til skulen.
Publisert 01.03.2026 15:35
Sist endret 01.03.2026 15:46