Pressemelding frå Heimevernet

Fredag 5. desember arrangerer Heimevernet Uniform på jobben-dagen for sjette gong. Då kan du møta soldatar i uniform på butikken, bussen, skulen, legekontoret eller om du får ein handverkar på besøk. Soldatane til heimevernet
kjem frå alle yrkesgrupper.

Små bilete av soldatar i heimevernet som brukar uniform på jobb - Klikk for stort bilde Heimevernet

Formålet med dagen er å skapa stoltheit og anerkjenning for innsatsen til heimevernssoldatane, og visa kor viktig Heimevernet er for lokal beredskap over heile landet. I dagens tryggingspolitiske situasjon er det viktig å synleggjera Heimevernet som ei militær avdeling klar til å hjelpa til i fred, krise og krig.
Det er frivillig å delta i denne markeringa, og alle deltakande har fått løyve frå den sivile arbeidsgivaren sin eller studiestad.
Alle soldatar, befal og offiserar i Heimevernet blir oppmoda til å bera uniform denne dagen.

– Me gjer dette fordi me ønskjer å synleggjera for Noreg kva Heimevernet er, og kva personar som utgjer Heimevernet. Formålet med Uniform på jobbdagen er å skapa stoltheit og anerkjenning for den innsatsen heimevernssoldaten legg ned, og vise kor viktig HV er for den lokale beredskapen i alle kommunane i landet. Me håpar ein slik dag vil skapa interesse og entusiasme for HV, seier generalmajor Frode Ommundsen, som er sjef for HV.

– I dagens tryggingspolitiske situasjon er det viktigare enn nokon gong å synleggjera Heimevernet som ei landsdekkjande militær avdeling som er klare til å hjelpa til i fred, krise og krig. Derfor oppmodar me alle soldatar, befal og offiserar i Heimevernet til å bruka uniform på sin arbeidsplass eller studiestad fredag 5. desember, forklarer generalmajor Frode Ommundsen, som er sjef for HV.