Pris- og pengedryss til verdige vinnarar

Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim skal dela ut heider, stipend og pengegåver til sju verdige mottakarar under Kulturnatt 18. april. Kultur- og frivilligprisen er blitt delt ut i mange år, men det er første gongen kommunen deler ut stipend til unge talent og dei nye heidersprisane til personar som har utmerka seg.

Portrett - Klikk for stort bildeKarsten Lunde er ein av sju prismottakarar under Kulturnatt, og skal få overrekt Etne kommune sin Kultur- og frivilligpris for sitt livslange og breie engasjement i frivillig arbeid i kommunen. Kjersti Lunde Kambe

Etne kommunestyre har lenge hatt eit ønskje om å heidra dei som legg ned store krefter for å hevda seg; det vere seg norgesmeistrar, internasjonale meistrar eller andre personar/lag/organisasjonar som har utmerka seg innanfor sine felt. Kommunestyret vedtok difor i 2025 to nye ordningar for å løfta fram desse. Kring nyttår blei publikum inviterte til å foreslå kandidatar til heiderspris eller senda søknad om stipend til unge talent, og i vår vedtok Etne formannskap kven som skal vera dei første mottakarane. Laurdag 18. april kl 12 møter ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim dei verdige mottakarane når alle prisane og stipenda skal delast ut frå scenen i foajéen under Kulturnatt i Etne.

Heiderspris

Formål: Å gje anerkjenning til personar frå/med sterk tilknyting til Etne kommune som har markert seg på høgt nivå innan idrett, kultur eller andre samfunnsområde.
Mottakarar: 
Gisle Enge – pistolskyting
Hans Kristian Åsheim Havreberg, Annika Tökés Krokå og Jan Filip Jensen – alle for karate.

Stipend til unge talent

Formål: Å støtta og motivera unge talent, anten individuelt eller som lag/gruppe, innan kultur og idrett i Etne kommune.
Mottakarar: 
Lily Øren – fotball
Marius Fedje – gitar

Kultur- og frivilligpris

Prisen kan utdelast til personar, lag eller organisasjonar som har gjort ein aktiv innsats for å styrke kulturlivet og/eller frivillig arbeid innan kommunen, eller som har bidrege til å gjere Etne kommune kjend utover landet på det kulturelle plan.
Mottakar: Karsten Lunde

Velkommen i publikum for å hylla mottakarane! (Dagbillett Kulturnatt, vaksne kr 200/barn kr  50)