Pris- og pengedryss til verdige vinnarar
For første gong har Etne kommune delt ut stipend til unge talent, saman med heiderspris og den årlege kultur- og frivilligprisen. Sju verdige mottakarar blei heidra av ordføraren med gåver, diplom og velfortent ros for innsatsen sin.
Marius Fedje (f.v.), Jan Filip Jensen, Peter Øren, Annika Tökés Krokå, Hans Kristian Åsheim Havreberg, Gisle Enge, Karsten Lunde og ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim.Ein stor dag då Etne kommune for første gong fekk dela ut stipend til unge talent i kommunen, og heiderspris til personar frå/med sterk tilknyting til Etne kommune som har markert seg på høgt nivå. Og sist, men ikkje minst blei Kultur- og frivilligprisen delt ut for 14. gong til ei lokal eldsjel. Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim heidra dei sju med ei pengegåve på 10 000 kroner saman med diplom, blomar/godteri og velfortente godord.
Heiderspris
Formål: Å gje anerkjenning til personar frå/med sterk tilknyting til Etne kommune som har markert seg på høgt nivå innan idrett, kultur eller andre samfunnsområde.
Mottakarar:
Gisle Enge – pistolskyting
Hans Kristian Åsheim Havreberg, Annika Tökés Krokå og Jan Filip Jensen – alle for karate.
Stipend til unge talent
Formål: Å støtta og motivera unge talent, anten individuelt eller som lag/gruppe, innan kultur og idrett i Etne kommune.
Mottakarar:
Lilly Øren – fotball
Marius Fedje – gitar
Kultur- og frivilligpris
Prisen kan utdelast til personar, lag eller organisasjonar som har gjort ein aktiv innsats for å styrke kulturlivet og/eller frivillig arbeid innan kommunen, eller som har bidrege til å gjere Etne kommune kjend utover landet på det kulturelle plan.
Mottakar: Karsten Lunde
Publisert 20.04.2026 09:56
Sist endret 20.04.2026 09:56