
Etter ein intim seremoni i Stødle kyrkje kjem Kongeparet til Skakkeringen. Her vil dei møta barnehageborn og elevar, som også vil stå for noko av underhaldninga.
Det vil bli sett opp sperringar fleire stader denne dagen. Av praktiske årsaker er det ikkje rom for publikum å stå utanfor eller inne i Stødle kyrkje denne dagen. Me oppmodar difor all skodelystne til å møta opp for å sjå og hylla Kongeparet ved ankomst på kaien, i Skakkeringen og når Kongeparet reiser frå kaien att kl. 12.30.
H.M. Kongens 3. gardekompani (musikk og drill) kjem også saman med Garden. Dei vil ha oppvisning på kunstgrasbanen kl. 14.00.
Ved Skakkeringen vil det bli stengt for gjennomkøyring på Stadionvegen under heile besøket.
De finn eigne parkeringsvakter på tilgjengelege parkeringar som vil hjelpa til med å fylla opp parkeringar.
Me oppmodar dei som kan koma seg fram til fots om å gjera det denne dagen.
Møt opp med flagg og finstas - om du kan. Det er også mogeleg å stå langs vegen med flagg for å helsa Kongeparet. Me håpar også at alle kan hjelpa til slik at me viser bygda frå vår frå sitt beste - ved å rydda godt rundt der ein kan og heisa flagget.
Det vil bli sal av mat og kaker på Skakke denne dagen. Skakke held ope og sel kaffi og kaker frå kl. 11.00, lapskaus og pølser frå kl. 12.30.