Regional samling om Bu trygt heime-reforma

I midten av mars deltok representantar frå helse og omsorg, utvikling og eldrerådet i Etne kommune på regional samling om Bu trygt heime-reforma på Stord. Arrangementet var i regi av Statsforvaltaren i Vestland.

Samling av folk på seminar - Klikk for stort bilde

Dei overordna måla med Bu trygt heime-reforma er å bidra til at eldre kan bu trygt heime, og at trongen for helse- og omsorgstenester vert utsett gjennom god planlegging, styrka førebygging og meir målretta tenester.

Erfaringsdeling på tvers av fagområde var ein sentral del av samlinga, og deltakarane vart oppmoda om å dela frå eigne kommunar.

Takk til Statsforvaltaren i Vestland for ei lærerik samling. 

Meir om Bu trygt heime reforma: Bo trygt hjemme-reformen