Resultat frå brukarundersøkinga i legetenesta – og kva me vil gjere vidare

Me har gjennomført ei undersøking blant innbyggarar om korleis dei opplever fastlegetenesta og innspel til kva som kan bli betre. 

Lege og pasient tar kvarande i hendene - Klikk for stort bilde AdobeStock_282672800

Takk til alle 361 som har svart! 

Her er hovudfunna: 

  • Tilgang til time: Dei fleste synest det er enkelt å bestille time, og 83 % får vanlegvis time hos fastlegen sin.  
  • Ventetid: 58 % meiner dei får time innan rimeleg tid, og 70 % er nøgde med ventetida på venterommet. 
  • Digital kontakt: 32 % har prøvd e-konsultasjon, og dei fleste er fornøgde. 
  • Kvalitet: Over 95 % opplever respekt frå personalet, og 82 % meiner dei får god informasjon og oppfølging. 

Dette vil me gjere framover: 

  • Tilgang til fastlege 
    Me aukar kapasitet på pasientlistene i kommunen med 250 innbyggjarar frå 01.02.2026.  
  • Digitale løysingar  
    Me oppfordrar til bruk av digitalt verktøy (pasientsky) for å bestille legetime. Då slepp du ventetid på tlf. og får tilbakemelding om time pr. Sms/ eller mail.   

    E- konsultasjon er  tilgjengeleg hjå alle fastlegane i Etne. Dette kan du bestille sjølv digitalt under timebestilling.  Videokonsultasjon vil bli tilgjengeleg i løpet av våren.  
  • Venterom
    Nye stolar til venterommet kjem i februar. 

Takk for at du bidreg til å gjere tenesta betre!