Rydding av Etnevassdraget

Havforskingsinstituttet (HI) er i gong med rydding av Etnevassdraget som del av pilotprosjektet til Handelens Miljøfond, Rene Vassdrag. Det er Bergen og Omland Friluftsråd som administrerer prosjektet.

To damer ved elvekanten - Klikk for stort bildeForskingsteknikar Kaja A. Fjeldheim og prosjektleiar Alison Harvey, begge frå Havforskingsinstituttet

Frå no av og ut året skal baseteamet til HI tilsett ved Etnevassdraget gjennomføre rydding langs heile vassdraget. Det er planlagt å rydde nedstraums for fiskefella først, deretter Sørelva, Prestabekken, Nordelva og resterande ned mot fiskefella. Det er primært plastavfall ned til 2.5cm som skal ryddast, men også anna avfall og mindre villfyllingar nært knytt til elva vert rydda.

HI er profesjonelle ryddeaktørar, og er tilsett for å rydde avfall som kjem med elva. Der elva har flauma og lagt igjen avfall vil det vere aktuelt å gå noko lenger ut frå elvekant.

På bilete ser de forskingsteknikar Kaja A. Fjeldheim og prosjektleiar Alison Harvey, begge frå Havforskingsinstituttet. Kaja er fast tilsett ved Etnevassdraget, og er kontaktperson for prosjektet i felt.

Lokal prosjektleiar (kontaktperson i felt): Kaja A. Fjeldheim, tlf 46 42 32 73
Administrator for prosjektet (for meir informasjon/generelle spørsmål): Gudrun Kristin Fatland v/Bergen og Omland Friluftsråd, tlf. 90 28 88 24
 
 
Meir informasjon:
 
Rene vassdrag Vestland

Nå er det bestemt! Disse skal rydde vassdrag i Vestland (Handelens Miljøfond)

Etnevassdraget med i ryddeprosjekt (grannar.no)