Saman for berekraftige lokalsamfunn – Etne på Plankonferansen i Bergen
Kommunalsjef for Utvikling og drift og ordføraren deltok førre veke på Plankonferansen for Vestland i Bergen.

Konferansen samlar kommunar, fylke, statlege og private aktørar om planlegging for berekraftig arealbruk og mobilitet, med tema som nye statlege planretningslinjer, fortetting og gode stader, tryggare kvardagsvegar og regionalt planarbeid. Føremålet er å dele kunnskap og verktøy som gir betre grunnlag for politiske vedtak og administrativ gjennomføring i kommunane.
Det er viktig at administrasjon og politikk deltek saman: politiske prioriteringar får betre fagleg forankring, medan administrasjonen får med seg signal og retning for vidare arbeid – frå overordna nasjonale føringar til praktiske løysingar i lokal planlegging.
Kommunalsjefen deltok òg i ein sofaprat om «Stadar i endring – korleis skapar vi rom for det gode livet?». Her delte ho erfaringar frå plan, prosjekt og medverkningsarbeid med føremål å skape levande møteplassar. Mange av kommunane på Vestland står i eit krevjande utfordringsbilete, herunder også Etne kommune: me blir fleire eldre, færre i yrkesaktiv alder, og opplever ei nedgang i folketalet.
Samarbeid på tvers av nivå og sektorar er avgjerande for å styrkje sentrum, møteplassar og samanhengen mellom bustad, arbeid, tenester og mobilitet.
Publisert 10.11.2025 08:00
Sist endret 10.11.2025 08:00