Saman for godt alkovett i distriktet
Forrige veke deltok representantar frå Etne og Vindafjord kommune på alkovettkonferansen i Oslo, arrangert av Av-og-til.

Her fekk dei både fagleg påfyll og ny inspirasjon til arbeidet med å skape trygge og inkluderande lokalsamfunn.
Både Etne og Vindafjord er Av-og-til kommunar. Det betyr at me arbeider systematisk for godt alkovett – frå lokale arrangement og møteplassar til haldningsskapande arbeid retta mot barn, unge og vaksne. Målet er enkelt: ein tryggare og meir inkluderande kvardag for alle innbyggjarane våre.
Som Av-og-til kommunar legg me vekt på å auke medvitet rundt alkoholbruk og førebyggje dei skadane alkohol kan føre med seg. Slik bidreg me til robuste og trygge lokalsamfunn der folk kan kjenne seg ivaretekne og inkluderte.
Takk til Av-og-til for ein lærerik konferanse – og til dei tilsette som står på for å skape gode og trygge lokalsamfunn!
Publisert 16.03.2026 12:33
Sist endret 16.03.2026 12:34