Har du det tøft økonomisk og gruar deg til jul? Då kan du sende inn julegåveønsker for barn og unge i familien via eit digitalt skjema på kommunen si heimeside. Det er låg terskel for å delta, og det blir ikkje gjort økonomisk vurdering.
pexels pixabay
Frist for innsending av ønsker: 22. november 2026
Du treng kun oppgi:
• Telefonnummer
• Kjønn og alder på barnet
• Gåveønskje
Søk her: Skjema - Julegåvetreaksjonen
Ønska blir formidla anonymt til arrangørane og hengt opp på trea i form av hjarte med alder og kjønn.
Dei som vil bidra med gåver kan plukke eit hjarte og kjøpe gåva. Gåvene blir samla inn og delt ut før jul.
Treng du hjelp med skjemaet?
Ring: 909 63 427 / 94 03 34 87
Eller kontakt rettleiar/kontaktperson i kommunen.
Slik starta det:
Ein juletradisjon med hjarta for andre
Kommunejordmor Wenche Marie Strand Hauge er glad i jula. Saman med mannen Torstein Hauge står ho bak ein juletradisjon som har blitt kjær for mange i Vindafjord.
Ideen fekk dei etter å ha sett ein liknande aksjon ein annan stad. Dei ønskte å få til noko tilsvarande heime, og slik starta tradisjonen.

Ein fantastisk jobb
Ønskja kjem inn via eit digitalt skjema på kommunen si nettside. NAV Vindafjord-Etne tek imot og formidlar ønskja og sørgjer for at gåvene kjem fram.
– Folka på NAV gjer ein fantastisk jobb. Det er eit samarbeid som verkeleg fungerer, fortel Wenche.
Dei som vil bidra, kan plukke eit hjarte frå treet og kjøpe gåva som står på ønskjelista. Tre lokale butikkar tek imot gåvene, og Wenche og Torstein hjelper til med innpakkinga.
– Det er rørande å sjå når eit ønskje blir oppfylt. Det er fantastisk å sjå kor mykje folk bryr seg. Det er ekte juleglede, seier Wenche.
