Skakkeringen får både nasjonal og internasjonal anerkjennelse

Skakkeringen i Etne held fram med å vekkje merksemd – både her heime og ute i verda.

Skakkeringen området - Klikk for stort bilde

I den nye nasjonale arkitekturstrategien har Kommunal- og distriktsdepartementet trekt fram Skakkeringen som eit eksempel til inspirasjon. At eit prosjekt frå ein liten kommune får plass i eit styringsdokument på nasjonalt nivå, er ei spesiell og viktig anerkjenning.

Samtidig har Skakkeringen fått merksemd langt utanfor landegrensene. Prosjektet er omtala i fleire anerkjende internasjonale fagmedium, mellom anna ArchDaily og Dezeen – sistnemnde er verdas mest lesne digitale plattform for design og arkitektur.

I tillegg vart Skakkeringen nyleg kåra til vinnar av den prestisjetunge International Architecture Award 2025, delt ut av The Chicago Athenaeum: Museum of Architecture and Design og The European Centre for Architecture, Art, Design and Urban Studies.

– Dette er utruleg inspirerande for oss som kommune og for lokalsamfunnet. Skakkeringen er eit resultat av godt samarbeid mellom innbyggjarar, fagfolk og kommunen. At prosjektet får slik merksemd nasjonalt og internasjonalt, viser at noko vi har skapt i lag her i Etne også kan bety mykje i ein større samanheng, seier prosjektleiar Olav Lovra Viskjer.

Med både nasjonal anerkjenning og internasjonal oppmerksomheit blir Skakkeringen eit viktig symbol – ikkje berre for Etne, men òg for korleis gode prosessar og lokal forankring kan inspirere arkitektur langt utover kommunegrensene.