Skakkeringen set Etne på arkitekturkartet
Det innovative prosjektet Skakkeringen fortset å leve sitt eige liv – og no har det fått internasjonal merksemd. Den glade nyheita er at prosjektet er lansert på Arch Daily, ein av dei viktigaste digitale plattformene for formidling av arkitektur i verda. Dette betyr at Skakkeringen og Etne no når ut til eit globalt publikum av arkitekturinteresserte.

Arch Daily fungerer som eit utstillingsvindauge for nytenking og kvalitet innan arkitektur, og det er difor ei stor anerkjenning at Skakkeringen Public Square, utvikla av locallll i samarbeid med PIR2, har funne vegen dit.
– Dette set Etne på arkitekturkartet, seier prosjektansvarlege, og legg til at dei håpar publiseringa vil bidra til auka interesse og besøk i Etne og nærområdet.
Skakkeringen har allereie fått mykje merksemd for sitt leikne uttrykk og samlande funksjon i sentrum av Etne. No får endå fleire sjansen til å la seg inspirere av denne særprega møteplassen – både arkitektar, studentar og andre som brenn for levande lokalsamfunn og nyskapande offentlege rom.
Skakkeringen - ArchDaily