Skal du byggja noko på eigedommen din?

Nå kan du laga situasjonsplanen sjølv - rett i nettlesaren!

Bilde med tekst: Nå kan ALLE lage situasjonsplanen selv! - Klikk for stort bilde

 

Ein korrekt målsett situasjonsplan på rett kartunderlag er eit krav i nesten alle byggjesøknader. Men prosessen er ofte kronglete og lite brukarvennleg.

Som først i Noreg har Norkart utvikla eit nettbasert verktøy i e-Torg som gjer det enklare å laga ein situasjonsplan. Ingen behov for handteikningar eller avanserte teikneverktøy for å få jobben gjort. Du teiknar direkte på toppen av eit situasjonskart (det offisielle kartet til kommunen) og får ein ferdig situasjonsplan på få minutt.

Kvifor laga situasjonsplanen sjølv?

  • Enklare: Brukarvennleg, ingen installasjon av programvare, ingen teknisk forkunnskap nødvendig.
  • Raskare: Du gjer alt på éin stad – frå kartbestilling til ferdig målsett situasjonsplan.
  • Meir nøyaktig: Ved å teikna direkte på toppen av situasjonskartet til kommunen oppnår du større nøyaktigheit og reduserer risiko for feil eller manglar.

Anten du skal riva ei bu eller byggja ein ny garasje, så hjelper verktøyet deg med å laga situasjonsplanen du treng til byggjesaka di.

Prøv gratis no

Lag eit utkast og sjå førehandsvisninga av situasjonsplanen din heilt kostnadsfritt. Test verktøyet i dag!

Prøv gratis nå