Skal du starte opp badstu til utleige eller offentleg bruk?

Det har den siste tida kome fleire flotte initiativ med badstu, sjøbad og friluftsliv. Etne kommune synest det er positivt med tilbod som skapar aktivitet, trivsel og gode opplevingar i nærmiljøet.

Flytande badstu i solnedgang - Klikk for stort bilde

Samtidig er det viktig at badstuer som skal leigast ut eller brukast av publikum, blir avklart med kommunen før dei blir tekne i bruk.

Dette gjeld til dømes mobile badstuer, flytande badstuer, badstuer på hjul og andre badstuer som skal vere opne for publikum.

Kvifor må badstua avklarast?

Ei badstu som blir brukt av publikum, er noko anna enn ei privat badstu heime hos nokon. Når fleire skal bruke tilbodet, må kommunen sjå på mellom anna plassering, tryggleik, helse og hygiene.
Dette handlar mellom anna om at badstua skal vere trygg å bruke, at det er gode rutinar for drift og reinhald, og at plasseringa er vurdert før ho blir teken i bruk.

Melding til miljøretta helsevern

Badstuer som skal leigast ut eller vere opne for publikum kan vere omfatta av regelverket for badeanlegg.
Før slike tilbod blir tekne i bruk, og ved endringar i drifta, skal eigar leggje fram melding til kommunen. Meldinga skal innehalde ei vurdering av forhold som kan ha innverknad på helse, hygiene og tryggleik for brukarane.
Meldinga skal også leggjast fram for medisinsk-fagleg rådgjevar til uttale.

Kan badstua vere søknadspliktig?

Ja. Badstuer til utleige eller offentleg bruk kan vere søknadspliktige etter plan- og bygningslova.
Også private badstuer kan i nokre tilfelle vere søknadspliktige, til dømes på grunn av plassering, storleik eller avstand til sjø, veg eller nabogrense.
Dette gjeld også sjølv om badstua er flyttbar, står på hjul eller er meint som eit mellombels tilbod. Kommunen må mellom anna vurdere kvar badstua skal stå, kor lenge ho skal stå der, og om plasseringa kan påverke naboar, ferdsel, friluftsliv eller tryggleik.

Ta kontakt før oppstart

Etne kommune oppmodar alle som ønskjer å starte opp badstu til utleige eller offentleg bruk, om å ta kontakt med kommunen før badstua blir sett i drift.
Då kan vi avklare kva som gjeld for den konkrete badstua, både etter plan- og bygningslova og etter regelverket som gjeld helse, hygiene og tryggleik ved badeanlegg.