Slik kastar du feittrestar etter steiking og baking

Feitt og matoljer kan tetta både dine eigne og avløpsrøyret til kommunen dersom du heller det i vasken eller i do. Her får du tips om korleis du kastar feittrestar eller gjenbruker på ein god måte.

KORT FORTALT

  • Ikkje hell flytande feitt i vask eller do!
  • Feitt og olje gjer avløpsrøyra tette og rottene mette
  • Feittet etter pinnekjøt-middagen kan du bruka i sausar og lapskaus
  • Pakk feitt og saus som du skal kasta godt i posar for matavfall, og legg det i avfallsbehaldaren for matavfall
Restar etter pinnekjøttkoking - Klikk for stort bilde

Slik kastar du steikefeitt

Det finst ulike måtar å kvitta seg med feittrestar. Her gir me deg nokre gode råd for korleis du kan kvitta deg med steikefeittet i førjulsstria og elles.

Feittrestar i steikepanna

Etter at du har brukt steikepanna, tørkar du ut feittrestar med eit papir.
Tørkepapiret med feitt kastar du i posen for matavfall. 

Ribbefett

La steikebrettet med feitt stå til feittet blir kaldt og stivnar.
Skrap av det stivna feittet og putt det i posen for matavfall.
Bruk tørkepapir for å få med siste rest av feittet før du vaskar steikebrettet i oppvaskkummen.

Pinnekjøtt

La kasserollen med feitt stå til den blir kald og stivnar.
Skrap av det stiva feittet og putt det i posen for matavfall.
Bruk tørkepapir for å få med siste rest av feittet før du vaskar kasserollen i oppvaskkummen. 

Flytande matrestar

Restar frå supper og gryter som hellast i avløpet er herleg mat for kloakkrottene, i tillegg til at matrestane kan innehalda mykje feitt som festar seg på røyrveggene. Flytande matavfall bør heller kastast i matavfallet.

Legg flytande matavfall i matavfallsposar saman med meir tørt matavfall.
Knyt godt igjen og bruk ein ekstra pose om du er redd for at matavfallet skal leka.
Alternativt kan du hella flytande matrestar over i ein godt merka og tom mjølkekartong/kanne/flaska, teipa/lukka igjen toppen og levera han på næraste miljøstasjon eller gjenvinningsstasjon.   

Feitt etter baking

Fettet etter baking av julekaker, som smult, delfiafett og matfeitt, stivnar når det blir kaldt, og då kan du laga meisebollar til fuglane!

  • Hell solsikkefrø, havregryn, mandlar og hasselnøtter i feittet, og vips så har du alle småfuglars favoritt.
  • Om du heller det i ein mjølkekartong, og lèt det stivna, så kan du skjera hol i denne og hengja ut heile kartongen. Stikk gjerne ein pinne igjennom kartongen slik at fuglane har noko å sitja på.

Frityrolje/matolje

Frityrolje/matolje skal ikkje hellast i vasken eller do! Frityrolje stivnar hurtigare enn anna feitt. Legg frityrolje i matavfallsposar.

  • Alternativt kan du hella flytande matrestar over i ein godt merka og tom mjølkekartong/ kanne/flaska, teipa/lukka igjen toppen og levera han på næraste miljøstasjon eller gjenvinningsstasjon.
  • Dersom du har store mengder med matolje, kan du samla opp dette i ei plastkanne og levera det til miljøstasjon/gjenvinningsstasjon.
  • Mange heller ut olja frå glas med fetaost og oliven i vasken. Men denne olja er veldig bra å bruka i til dømes salatar, sausar og på poteter. Hell olja over maten og kast den tomme emballasjen i avfallet for glas.

Feitt i avløpet tettar røyra

Feitt skaper problem i avløpsnettet til kommunen. Når feitthaldig avløpsvatn kjem ut i avløpsnettet, søkk temperaturen på feittet og det stivnar og forårsakar gjentetting av leidningane. Det hjelper ikkje at du bruker varmt vatn og såpe når du fjernar feitt frå gryter og panner, for feittet vil stivna igjen når det kjem lenger ut i røyret og blir kaldt.  Det hjelper heller ikkje å hella ut feittet i do, for det er akkurat dei same røyra som fraktar avløpet vidare frå både vaskar og toalett.

Stopp i avløpsnettet kan føra til kjellarflaum og forureining. Feittet fører til driftsproblem i pumpestasjonane våre og leidningsnett.

Held liv i rottene

Feitt og andre matrestar er også med på å tiltrekkja seg rotter til avløpsnettet. Eitt rottepar og ungane deira kan bli til ca. 1000 nye rotter på eitt år. Rotter i avløpsnettet lever utelukkande av feitt- og matrestar som blir kasta i avløpet. 
Ingen mat - ingen rotter!