Søk støtte frå næringsfondet i Etne kommune – frist 31. mars

Næringsfondet i Etne kommune er eit verkemiddel for å stimulere til næringsutvikling, verdiskaping og nye arbeidsplassar i kommunen. 

Spirer som veks i myntar - Klikk for stort bilde Nattanan Kanchanaprat fra Pixabay

Fondet kan gi tilskot til både nyetableringar, etablerte verksemder og næringsretta samarbeid, der tiltaket har nytte for næringslivet i Etne. 
Hovudføremålet med fondet er å bidra til best mogeleg næringsutvikling og verdiskaping i kommunen vår.  I tillegg til hovudføremålet blir det lagt vekt på prosjekt som bidreg til utvikling, kompetanse, innovasjon og berekraftig næringsaktivitet. 

Krav til søkjar

Det er krav til at søkjar skal ha vore i kontakt med Medvind for innleiande samtalar, og for avklaring av innhaldet i søknaden.
For søknadar som gjeld tiltak i landbruket, skal Landbrukskontoret i kommunen kontaktast.

Krav til søknadsopplysningar

Hugs at me set krav til innhaldet i søknaden. Søknader som ikkje oppfyller krava kan bli avvist. Sjå vedtekne retningslinjer for meir informasjon. Retningslinjer for Etne kommune sitt Næringsfond (PDF, 550 kB)

Søknadsprosess og frist

Søknad om midlar frå næringsfondet skal sendast til Etne kommune anten per post eller på e-post til post@etne.kommune.no.
Alle søknader blir handsama av formannskapet samla éin gong i året, med søknadsfrist 31. mars.
Kontaktperson er Kathrine Tungesvik Matre, rådgjevar byggesak og næring. E-post: kathrine.tungesvik.matre@etne.kommmune.no, tlf. 53 41 48 37