Sommarstudent utarbeidd ny stadanalyse for Skånevik

Kinga Katrine Blaszkiewicz har i sommar vore tilsett ved eining Utvikling i 6 veker. Kinga tar for tida master i arkitektur ved NTNU i Trondheim. Ho har i sommar arbeidd med å revidere stadanalysen for Skånevik frå 2012, som eit verktøy for å auke kunnskapsgrunnlaget i oppstarta områdeplan. Fredag hadde ho sin siste dag hjå oss, og me ynskjar ho mykje lukka til med studiene.

Sommarstudent - Klikk for stort bildeKinga K.Blaszkiewicz

Stadanalysen er eit viktig ledd i arbeidet med å lokalisere område og verdiar med trong for føringar i reguleringsplanarbeidet. Kinga har hatt fokus på område viktige for friluftsliv og folkehelse inkludert demografi, samt kvalitetar knytt til småhusbusetnaden i Skånevik. Ho har i arbeidet føreslått område for transformasjon, samt tiltak som styrkar lokalmiljøet sine verdiar og behov.

Stadanalysen er delfinansiert av Vestland fylkeskommune gjennom tilskotsordninga for Berekraftig samfunnsutvikling.

Kanskje de såg Kinga på tilflyttarkontoret i sommar?
På tilflyttarkontoret i Skånevik har ho kome tett på både innbyggjarar og besøkarar, og laga ein brukarundersøking med resultat innarbeidd i analysen. I Skånevik tok ho fleire flotte foto av bygda som dykk finn i analysen under.

Les stadanalysen her
Basert på funna i stadanalysen har ABO Plan & Arkitektur Stord AS gjort ein analyse av universell utforming av mellom anna møteplassane - Rapport UU i Skånevik sentrum
Les meir om tilflyttarsenteret her