Statsforvaltar, fylkeskommune og Innovasjon Noreg på gardsbesøk i Etne
Tysdag denne veka var Statsforvaltaren i Vestland, Vestland fylkeskommune og Innovasjon Noreg (partnarskapen) på kommunebesøk til Etne.
Saman med ordførar og eining utvikling fekk me gjennomført heile 6 gardsbesøk, denne gongen konsentrert om Etne sentrum av omsyn til tid. Føremålet med kvart gardsbesøk var å få innsyn i bonden sin innovasjon, og ikkje minst: Kva prosessar og tilskotsordningar frå partnarskapen som fungerer godt/mindre godt.
Etne kommune vil takke bøndene som stilte både garden og tida si til disposisjon. Takk også til Statsforvaltar, fylke og Innovasjon Noreg for besøket, og me ynskjer partnarskapen lukka til på neste kommunebesøk, til Sveio kommune onsdag.