StikkUT! – Turtrim for alle

Du hugsar turkartet du fekk i postkassen før påske? Dette viste alle StikkUT!-måla i Nord-Rogaland og Sunnhordland for sommaren 2025. 

StikkUT-logo oppå eit bilde av grøn mark og blå himmel - Klikk for stort bildeTolv turmål i Etne har dette skiltet nær parkeringa, og er ein del av Noregs nye og største turtrim-opplegg StikkUT i regi av friluftsråda.

Friluftsråda sitt nye turtrim-opplegg Stikk UT! opnar 1. mai (tidlegare TellTur i vår region). Dette er Noregs største turtrim og vil engasjera titusenvis av menneske til å komma seg ut på tur! Turane kan registrerast i Stikk UT!-appen eller på stikkut.no. Sommarsesongen varer frå 1. mai til 31. oktober.  

Stikk UT! har turmål i fire ulike graderingar; frå lette til krevjande turar. I Etne er det 12 turmål denne sesongen, nokre av dei er også med i «Alle 30 nutane». Alle Stikk UT!-turane er skilta, har retningspiler i stikryss og har turomtale med spor i kart (digitalt). Dette gjer det enkelt og trygt å finna fram. Turane er merka med StikkUT!-skilt nær parkeringa. Kommunen takkar Etne Turlag for samarbeidet om årets turar. Les meir her.