Stort engasjement på ope møte i Skånevik

Godt over 120 personar møtte opp då Etne kommune inviterte til ope møte med idémyldring og medverknad på Skånevik Fjordhotell førre torsdag.

Kvelden starta med informasjon frå kommunedirektøren og kommunalsjefane om det kommunale tenestetilbodet. Undervegs fekk deltakarane høve til å stille spørsmål, og engasjementet var stort. Tida vart knapp mot slutten, men kommunedirektør og kommunalsjefar vart verande etter møtet for å svare på ytterlegare spørsmål. Fleire nytta sjansen til å kome med innspel, noko me set stor pris på. Desse innspela tek me med oss vidare i utviklingsarbeidet for kommunen. Me ønskjer også å dele meir informasjon aktivt framover, slik at innbyggjarane får eit godt innblikk i dei politisk vedtekne planane for dei ulike tenesteområda.

Etter informasjonsdelen var det tid for idémyldring og verkstad, der deltakarane fekk prøve seg som arealplanleggarar. Med fokus på samfunnsutvikling arbeidde deltakarane i grupper, fekk oppgåver og teikna på kart. Møtet var ein del av medverknadsprosessen for den nye områdeplanen for Skånevik og kommuneplanen sin samfunnsdel.

Me takkar for det gode oppmøtet og verdifulle innspel. Har du spørsmål, er du velkomen til å ta kontakt.

E-post: post@etne.kommune.no eller telefon 53758000.

Folk i møtet - Klikk for stort bildeKommunalsjef for Helse og omsorg, Hilde Selland Winterthun informerer om tenestene. Kommunalsjef for Oppvekst og kultur, Mona Rasmussen Sævik til venstre i bilete.Folk i møtet - Klikk for stort bildeRådgjevarane for plan, Kristine Ebne (til høgre) og Monika Sævareid (til venstre) fortel om pågåande planarbeid og mogelegheit for medverknad.Folk i møtet - Klikk for stort bildeEngasjerte innbyggjarar fortel om sin visjon for Skånevik sentrum. Det vart mellom anna peika på gjennomgåande friluftsområde, kulturmiljø, promenade og turisme. Innspela vert samanstilt og nytta vidare i planarbeida.