Støttekontakt/ Fritidskontakt

Det er jamleg behov for støttekontaktar i Etne kommune, både i Skånevik og Etne. 

Maleri av person med ballongar - Klikk for stort bilde

Per nå treng desse personane støttekontakt:

  • Gut 6 år. Treng ein ungdom/vaksen person som kan vera med på fritidsaktivitetar.
  • Mann 28 år. Ønskjer nokon på sin alder som han kan vera sosial i saman med. Oppdraga er på 2- 3 timar i veka. 
  • Dame 80 år. Treng ein vaksen som kan hjelpa ho med å gi ho ei meiningsfull fritid.

Dersom du har ledig tid og ønskjer å bidra til at andre får ei positiv fritid, passar dette til deg.

Støttekontakt får ein fast arbeidsavtale i kommunen. Lønn og godtgjersle vert gitt etter KS sine satsar. Du må visa politiattest. Om du er interessert eller har spørsmål til det å vera støttekontakt, ta kontakt med Astrid Fagerjord Harboe på telefon: 480 55 656 eller på e-post: astrid.harboe@etne.kommune.no