Styrke- og balansegruppe for eldre
Eit treningstilbod for deg som kjenner deg ustø i kvardagen og som ynskjer å bli tryggare på eigne bein.

Er du redd for å ramle? Opplever du at du klarar mindre, kanskje du går mindre, ute eller generelt? Då kan dette tilbodet vera noko for deg! Alle aktuelle kandidatar blir individuelt vurdert og kartlagt før og etter gruppestart.
Stad: Treningssalen på Etne omsorgssenter
Tid: Oppstart i veke 35, to treningar i veka i 6 veker
Eigendel: Etter takst, til ein har nådd eigendelstaket for frikort.
Ta kontakt for meir informasjon/påmelding:
Fysioterapitenesta – 41 52 89 54
Publisert 05.08.2026 13:39
Sist endret 05.08.2026 13:39