Styrke- og balansetrening for eldre

Eit treningstilbod for deg som kjenner deg ustø i kvardagen og som ynskjer å bli tryggare på eigne bein.

Illustrasjon av eldre som trener med manualar - Klikk for stort bilde

Er du redd for å ramle? Opplever du at du klarar mindre, kanskje du går mindre, ute eller generelt? Då kan dette tilbodet vera noko for deg! Alle aktuelle kandidatar blir individuelt vurdert og kartlagt før og etter gruppestart.

Stad: Treningssalen i Etne omsorgssenter
Tid: Oppstart i januar, to treningar i veka i 6 veker
Eigendel: Etter takst, til ein har nådd eigendelstaket for frikort

Ta kontakt for meir informasjon/påmelding:
Fysioterapitenesta – 53 75 81 55