Styrt belysning i Skånevik

På slutten av fjoråret har kommunen gitt oppdrag til å installera nye lysarmaturar på veglysa i eit område i Skånevik, Barnehagevegen, Ligrendvegen, Ringvegen, Hokkelshaugvegen, Furehaugvegen.

Kart over lysmastene - Klikk for stort bilde

Dette gjeld for omtrent 70 lysmaster.

Dei nye lysa vart utstyrte med styremoglegheit slik at me kan redusera lysintensiteten på delar av natta eller slå lysa heilt av. 
Styringa kan gjerast for eit større område, men og for enkelte lyspunkt.
Fordelen med styringssystemet er at me kan redusera straumutgifter og lysforsøpling i tidene då det ikkje er trong for full belysning.
Me kjem til å prøva lysinnstillinga no i næraste framtid for å finna den beste løysinga.

Kontaktperson for prosjektet er Axel Krüger.