"Ta steget" - Karrieremesse i Bergen

Førre tysdag den 18. var det på ny duka for karrieremesse i Grieghallen i Bergen. Også denne gongen fekk Etne
 kommune vere representert på regionstanden til Bu i Sunnhordland. Her fekk me vere med på å vise fram alt det flotta Sunnhordlandskommunane har å by på. For Etne kommune vart det denne gongen fokus på bulyst og tilflytting, og den flotte filmen frå People of the North rulla kontinuerleg på standplassen – like ved svelene.

Karrieremesse i Bergen - Klikk for stort bildeEtne kommune sin stand Bu i Sunnhordland

 

Allereie før dørene opna, kl 10:00, sto det kø utanfor inngangsdørene. Arrangøren, Framtidsfylket, kunne opplyse om over 850 førehandspåmelde deltakarar.

På messa stilte Bu i Sunnhordland med ein stor regionstand, der samarbeidspartnarane EY SkyeAker Solutions StordPalfinger Marine samt Visit Sunnhordland, kommunane i Sunnhordland, representert ved Etne kommune. Den strategiske satsinga skal vekkje nygjerrigheit og interesse for regionen som ein attraktiv stad å bu, jobba og leva. Messa er ein eineståande arena på Vestlandet for å nå ut breitt til eit publikum som står klare for arbeidslivet.

Studentane som var på messa stilte seg i kø for å snakke med dei ulike bedriftene og arbeidsgjevarane. Det var tydeleg interesse for regionen og jobbmoglegheitene som er her.

Pr no (ultimo februar 2025) er det utlyst nærmare 300 stillingar i Sunnhordland (arbeidsplassen.no). Dette gjeld både offentleg og privat sektor. Breidda er stor og valmoglegheitene mange.