Born frå Etne og Skånevik syng "Vårmorgon på jorda" med tekst av Ingvar Moe.
Sonja Frafjord
Dagen vart ei flott markering for heile kommunen, og det var imponerande å sjå korleis bygdefolk, born og unge, frivillige, lag og organisasjonar, næringsliv, tilsette og samarbeidspartnarar stilte opp med positivitet og ikkje minst gjennomføringsevne.
Me vil særleg takka alle som bidrog med utlån, transport, pynting, praktisk arbeid, servering, tryggleik, underhaldning og god tilrettelegging. Ein stor takk går mellom anna til Etne Betong, Møbelringen, Etnemarknaden, Etne IL, Skakkesenteret, ABC Studio, Båtlaget, Sogespelet, kyrkjeverja, skular og barnehagar, korps, politi, politikarar, tilsette i kommunen, og butikkar og private som har pynta og stelt rundt seg.
Ein særleg takk går òg til dei tre blomsterforretningane våre, som med Marlene Ness Lye i bresjen laga flotte oppsatsar og eit vakkert bakteppe for dei mange fine bileta som vart tekne denne dagen.
Takk òg til konferansier Morten Odéen, born og unge som deltok på både scenen og rundt på lokasjonane, og til alle som møtte fram og skapte ei varm, høgtideleg og fin ramme rundt dagen. Det gode samarbeidet og den positive innsatsen frå så mange gjorde besøket til ei oppleving me kan vera stolte av.
Tusen takk til alle som bidrog!