Tid for å søkja Fond Kraftkontrakten

Dette kommunale fondet skal bidra til å fremja kultur, idrett og frivilligheit. I år skal det delast ut 900 000 kroner og søknadsfristen er 31. august. 

Pengesetlar og logo Fond kraftkontrakten - Klikk for stort bilde

Primært vert det gitt tilskot til å støtte opp om prosjekt, tiltak og aktivitetar av eingongskarakter. Fondet kan nyttast til investeringar i varige driftsmidlar, både for ålmennyttige organisasjonar og kommunale tiltak. Søkjar må halda til i Etne Elektrisitetslag sitt gamle konsesjonsområde.

Etne kommune og Etne Elektrisitetslag inngjekk i desember 2019 avtale om overføring av ein gammal konsesjonskraft-kontrakt. Som ein del av avtalen mellom partane, blei det frå 2020 oppretta eit kommunalt fond som skal tilførast delar av inntektene. Midlane frå fondet skal gå til å støtta ulike ålmennyttige formål i Etne kommune. 

Tilskot skal tildelast lag og organisasjonar og kommunale tiltak innan Etne elektrisitetslag sitt tidlegare konsesjonsområde (Etnebygda med Stordalen og Kyrping/Sævareid). Midlane skal ikkje brukast til løpande drift, med unnatak for tilskot til avdrag på investeringar gjort i tråd med fondet sitt formål. Støtte kan gjevast i form av både lån og direkte tilskot. 

Søknadsfrist 31. august. Innkomne søknader blir lagt fram for Etne Elektrisitetslag til uttale og eventuell prioritering før endeleg vedtak i Etne formannskap 27. oktober. (PS: Fond Kraftkontrakten må ikkje forvekslast med Elagsfondet til Etne Elektrisitetslag. De kan søkja begge fonda om tilskot). 

Meir info og søknadsskjema  Fond kraftkontrakten - Etne kommune 

For spørsmål, kontakt Kulturkontoret på kultur@etne.kommune.no eller tlf 415 49 252 (Liv-Kari).