Tilskot til aldersvennleg oppgradering av eigen bustad

Husbanken har opna ei ny tilskotsordning for tiltak som gjer bustaden tryggare og enklare å bu i når du blir eldre. Målet er at fleire skal kunne bu heime lenger, også når helsa og behova endrar seg.

Mann som held rundt dame, begge ler - Klikk for stort bilde Illustrasjonsfoto

Kven kan søkje

Du kan søkje dersom minst éin i husstanden er 62 år eller eldre. Bustaden må vere ein eigd eller leigd heilårsbustad og den folkeregistrerte adressa di. Leigetakarar må ha samtykke frå utleigar. Tiltaka må koste minst 40 000 kroner. 

Kva kan du få støtte til

Tilskotet kan dekkje inntil 25 prosent av kostnadene, med eit maksimalt tilskot på 75 000 kroner. Du kan mellom anna få støtte til trinnfri tilkomst, tilpassing av bad, fjerning av tersklar og nivåskilnader, betre lys og andre varige tiltak som gjer bustaden tryggare og lettare å bruke. Ordninga gjeld ikkje vanleg oppussing eller modernisering.

Slik søkjer du

Du må hente inn eit spesifisert pristilbod eller kostnadsoverslag frå ein registrert handverkar før du søkjer. Arbeidet kan ikkje vere starta, og du kan ikkje utføre det sjølv.

Søknadsfrist: 30. oktober 2026.
Les meir om vilkåra og søk hos Husbanken