Tilskot til grøfting 2025

Nå kan du søke om tilskot til grøfting. Søknadsfrist 15. april 2025, søknad ved innlogging på Altinn/Landbruksdepartementet.

Gravemaskinskuff framfor grøfter - Klikk for stort bilde
Kart over kor det skal lagast grøft - Klikk for stort bilde

Ordninga er regulert av – Forskrift om tilskot til drenering av jordbruksjord.

Fylkesvise midlar til drenering er nå fordelte, Etne har førebels kr. 159.000,- til rådighet.  Statsforvaltaren har noko meir i «ramma» for tildeling der behovet er størst.  Når søknadsfristen er gått ut vil Etne kommune vurdere om det er behov for å be om ytterlegare tildeling. 

Dette er nå ei årleg ordning og Etne kommune ber derfor om at ein ikkje søkjer om meir enn ein kan ferdigstille i løpet av eit år.

Vert det mange søknadar må kommunen prioritere etter følgjande kriterier:

  • Søkjerar som ikkje har nytta ordninga før vert prioritert før søkjerar som har eller har hatt tiltak etter ordninga
  • Omsøkte areal bør ikkje overstige 8-10 daa.  For større areal vert ei evt. løyving avgrensa til fastsett sum for tiltaket

Kontaktperson: Reidar Rødne, rådgjevar landbruk, tlf. 53 75 82 61
e-post: reidar.rodne@etne.kommune.no