Totalforsvarsåret 2026 – kva betyr det for deg og kva kan du bidra med?

God eigenberedskap er ei investering i tryggleik for deg og dine næraste. Samstundes bidreg du til at kommunen og andre offenlege aktørar kan prioritere dei som treng mest hjelp.

Havregryn og diverse for eigenberedskapen - Klikk for stort bildeGod eigenberedskap gjer at kommunane og andre offentlege aktørar kan bruke ressursane sine på dei som treng hjelp mest. Daniel Fatnes, DSB

Totalforsvaret er samarbeidet mellom Forsvaret og det sivile samfunnet. Det betyr at innbyggjarar, kommunar, bedrifter og frivillige organisasjonar alle har ei rolle når samfunnet blir sett på prøve.

– Vi lever i ei tid med større uvisse enn vi har vore vane med. Difor er det viktig at vi veit kva vi kan bidra med og kva ansvar vi har dersom ei alvorleg krise oppstår, seier Olav Lovra Viskjer, rådgivar for samfunnstryggleik og beredskap i Etne kommune.

Alle kan bidra

Eit av hovudmåla med Totalforsvarsåret 2026 er å styrke samarbeidet mellom sivile og militære aktørar. Samstundes handlar det om å gjere kvar enkelt av oss meir medvitne om korleis vi kan bidra til samfunnstryggleiken.

For dei fleste innbyggjarar handlar dette først og fremst om å vere førebudd på å klare seg sjølv og ta vare på sine nærmaste, og gjerne ein nabo, i ein periode dersom samfunnet blir ramma av ei større hending.

God eigenberedskap gjer at kommunane og andre offentlege aktørar kan prioritere ressursane sine til dei som treng hjelp mest.

Du bør mellom anna:

  • Ha mat og drikke tilgjengeleg for minst sju dagar.
  • Sørgje for nødvendige medisinar og førstehjelpsutstyr.
  • Ha lys, varme og moglegheit til å få informasjon dersom straumen blir borte.
  • Kjenne til og følgje råda frå styresmaktene om eigenberedskap.
  • Følgje informasjon og råd frå offentlege myndigheiter, også kommunen i ein krisesituasjon.

Etne kommune er ein del av totalforsvaret

Etne kommune har ei viktig rolle i den sivile delen av totalforsvaret. Kommunen skal sikre viktige tenester til innbyggjarane også under alvorlege hendingar.

Dette omfattar mellom anna:

  • helse- og omsorgstenester
  • trygg drikkevassforsyning
  • vatn og avløp
  • kommunal infrastruktur
  • kriseleiing og beredskap

I løpet av 2026 vil kommunen delta i øvingar, styrkje samarbeidet med frivillige organisasjonar og vidareutvikle planverk og beredskap.

Ver merksam

Samfunnstryggleik handlar også om å vere årvaken i tida vi lever i. Dersom du ser aktivitet eller hendingar som verkar mistenkelege, bør du melde frå til politiet. Det kan til dømes vere uvanlege observasjonar knytte til kritisk infrastruktur (eksempelvis vassanlegg, vegar, straumnett) eller aktivitet som skaper uro.

Eit tryggare samfunn saman

Totalforsvaret byggjer på at vi alle tek ansvar. Når innbyggjarar, næringsliv, frivillige organisasjonar, kommunen og Forsvaret samarbeider, står samfunnet sterkare rusta til å møte kriser.

God førebuing i dag gjer oss meir robuste i morgon.

Les meir om Totalforsvarsåret 2026 på dsb.no

Les meir om egenberedskap på dsb.no