Trygg skuleveg - Klipp hekk og buskar!

Trafikksikring er også ditt ansvar.

Illustrasjon korleis klyppe hekk mot fortau og utkøyrslar - Klikk for stort bilde 

Torsdag 18. august startar eit nytt skuleår i Etne kommune, og barna skal ut på vegane. Kommunen ber huseigarar om å klippe hekkar og annan vegetasjon slik at gater, vegar og fortau vert trygge for borna å ferdast på.

Trafikktryggleik:
Bli med på dugnad for å unngå ulykker i ditt nærområde. Eig eller disponerer du ein eigedom med avkjørsel til veg eller gang- og sykkelveg? Då har du ansvar for å sørge for fri sikt ved din avkjørsel (jf. Vegloven §31 og §43).

Sjå også statens vegvesen for retningslinjer: Klipp hekker og busker | Statens vegvesen