Tryggare sommar: Badevettskilt kjem opp

Etne kommune vil hengja opp skilt med badevettsreglar på kommunale kaiar og på badeplassar som Friluftsrådet vest har ansvar for å stella.

Bilde, du er ikkje ein fisk! Vis vannvett - Klikk for stort bilde

Det er organisasjonen Flyte som står bak kampanjen «Du er ikkje ein fisk», den skal minna kvar og ein av oss på at det er smart å visa badevit i sommar.
Godt vaksne menneskje er overrepresentert i drukningsstatistikken, kanskje fordi dei med livserfaringar og kunnskapen sin kan føla seg litt for trygge. 
For sjølv om du er ein av dei som seilar, padlar eller sym godt, er du likevel ikkje ein fisk! Og ulykker skjer jo som kjent helst når du minst ventar det.

Skilta er diverre ikkje på nynorsk, men me får tru at i dette tilfellet er bodskapen det viktigaste.

Flyte

Vannvettreglane - Klikk for stort bilde