Ung i jobb – Ein unik sjanse for ungdom i Etne kommune
Etne kommune ynskjer å skape ei bru mellom ungdommar og arbeidslivet. Difor tilbyr me "Ung i jobb", eit prosjekt som gir 15 og 16- åringar moglegheita til å få verdifull arbeidserfaring og tene sine eigne pengar.

Kven kan søkje?
👉 Ungdom som er 15 eller 16 år og busett i Etne kommune
👉 Du treng ingen tidlegare arbeidserfaring – det viktigaste er at du er motivert og engasjert
Kvifor søkje?
✅ Få arbeidserfaring etter skuletid i eit trygt og lærerikt miljø som kan hjelpe deg vidare i yrkeslivet
✅ Møte nye folk og lære nyttige ferdigheiter
✅ Tene dine eigne pengar
Dette er ei fantastisk moglegheit til å skaffa deg din fyrste jobb, prøva ulike arbeidsoppgåver og byggja nettverk for framtida. Me håpar du vil søkje og bli med på laget vårt!
Slik søkjer du
For meir informasjon og for å sende inn søknad, klikk på lenkja nedanfor:
👉 SØK HER
Me gler oss til å ha deg med i Ung i jobb!