Utlysing av midlar til næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving i landbruket i Vestland 2025

Vestland fylkeskommune minner om utlysing av  to tilskotsordningar til utvikling av landbruksnæringa i fylket. 

Traktor som slår gras - Klikk for stort bilde

Gjeld følgjande tilskotsordningar:

Begge har løpande søknadsfrist, men for Regionale tilretteleggingstiltak må du sende inn søknaden innan 21. oktober 2025 for å få søknaden handsama i 2025. Kjem søknaden inn seinare i år kan de ikkje vente dykk svar før månadsskifte januar/februar 2026. Grunnen til dette er at søknadane vert handsama av hovudutval for næring på fastsette møtedatoar. Søknaden må vere fullstendig for å bli handsama, så vi anbefaler å vere ute i god tid. Ta gjerne kontakt før innsending dersom de lurer på noko eller ynskjer ein samtale om dykkar prosjekt. 

Utfyllande kontaktinformasjon finn de i lenkjene. Merk at det er litt ulike målgrupper for dei to ordningane. Informer gjerne andre om ordningane.

Med helsing
Vestland fylkeskommune