Utlysing av midlar til næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving i landbruket i Vestland 2026

Vestland fylkeskommune minnar om utlysing av to tilskotsordningar til utvikling av landbruksnæringa i fylket. 

Begge har løpande søknadsfrist ut året, men for Regionale tilretteleggingstiltak må du sende inn ein fullstendig søknad innan 5. oktober 2026 for å vere sikker på å få søknaden handsama i 2026. Kjem søknaden inn for seint på året kan de ikkje vente dykk svar på før mot slutten av februar 2027. Grunnen til dette er at søknadane vert handsama av hovudutval for næring på fastsette møtedatoar. Søknaden må vere fullstendig for å bli handsama, så vi anbefaler å vere ute i god tid. Ta gjerne kontakt før innsending dersom de lurer på noko eller ynskjer ein samtale om dykkar prosjekt. 

Utfyllande kontaktinformasjon finn de i lenkjene. Merk at det er litt ulike målgrupper for dei to ordningane. Informer gjerne andre om ordningane.

Logo Vestland fylkeskommune - Klikk for stort bilde