Vaksinering mot Mpox

No tilbyr HSR menn og transpersoner som har sex med menn, og som har risiko for å bli smitta, førebyggjande vaksine mot mpox (apekoppar).

Vaksine og sprøyte - Klikk for stort bilde

No kan menn og transpersoner som har sex med menn få vaksine mot Mpox.
​​Mpox (apekoppar) smittar hovudsakeleg mellom menneske ved tett kontakt med ein smitta. Seksuell kontakt er den vanlegaste smittemåten i utbrotet som startet i 2022.

Tilbod om førebyggjande vaksinasjon mot mpox (apekoppar) er frå no tilgjengeleg for personar i menn og transpersonar som har sex med menn, og som har risiko for å bli smitta (fleire eller nye sexpartnarar). Helsepersonell og laboratoriepersonell som er særleg utsett for smitte i arbeidet sitt er også inkludert i tilbodet.

På Haugalandet og i Sunnhordland står HSR for vaksinasjonen på vegne av kommunane til regionen.

Slik får du vaksine

Vaksinen blir sett på Revmatismesjukehuset i Haugesund. Du må bestilla time på førehand. Ring ​52 80 50 5​​0 for bestilling av time. Du kan ikkje bestilla time på nett.

Hugs legitimasjon

Ta med gyldig legitimasjon med bilete til vaksinetimen.

Du må sitje til observasjon i 20 minutt etter vaksinasjon.

Ikkje møt opp dersom du er sjuk, har feber over 38 grader eller andre teikn på infeksjonssjukdom. Ring i så tilfelle vaksinesenteret for ny time.

Råd ved mistanke om smitte

Dersom du mistenkjer at du er smitta av apekoppar bør du unngå tett kontakt med andre til diagnosen eventuelt er avkrefta.

Test

Ta kontakt med fastlegen eller legevakta di viss du ønskjer å testa deg for mpox.

Nærkontakt

Dersom du har vorte utsett for smittefare og veit det, må du kontakta legevakt for behandling før utbrot.

Dersom du er stadfesta nærkontakt til ein person som har fått påvist mpox vil du få beskjed frå helsetenesta om kva du bør gjera.

Les meir om mpox hos Folkehelseinstituttet​

Sjukdom og akutt hjelp

Er du sjuk og har behov for helsehjelp, ring fastlegen din. Er ikkje fastlegen tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan venta, ring legevakta på 116 117. Ved livstruande sjukdom, ring 113.​​