Varsel om planendring etter forenkla prosess - Mortveit molo/havn (planid 4611_201508)

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-14, 2. og 3. ledd, vert det med dette varsla om at Omega 365 Protek AS, på vegne av Mortveit Hyttevelforening, har utarbeidd eit forslag til endring av reguleringsplan etter forenkla prosess for «Detaljregulering for Mortveit molo/havn» (planid 4611_201508)  i Etne kommune.

Dei føreslegne endringane vert i hovudsak i plankartet, som følgje av endra utforming av molo, tilkomstveg og omfang av båthamn, men òg med ei mindre justering i planføresegnene. 
Endringane medfører at inn- og utseglinga til småbåthamna vert større, og at manøvreringsareal i hamna vert betre. Ein legg samstundes opp til at det kan etablerast eit båtslipp, slik at brukarane av Mortveit ikkje må til Skånevik for å setje ut og ta opp båten sin. Endringane medfører òg at ein justerer plassering av tilkomstvegen til båthamna lenger mot nordaust, for slik å redusere brattheit og soleis betre tilkomst og tilgjenge for brukarane av båthamna, naudetatar samt personar med funksjonsvariasjonar. 

Etne kommune har gjennomgått endringsforslaget, og dei vurderer førebels at det kan vera aktuelt å handsame endringa etter forenkla prosess, dvs. at endringane ikkje vert vurdert å ha påverknad på gjennomføringa av planen, gå ut over hovudrammene i planen eller råke ved viktige natur- og friluftsområde i vesentleg grad. I tilfelle vesentlege merknadar så ser Etne kommune òg på dette varselet som eit oppstartsvarsel etter plan- og bygningslova § 12-8. Endeleg vurdering av prosessform vert gjort etter ev. innkomne merknadar til varselet er gjennomgått.  

Endring av reguleringsplan etter forenkla prosess_09092026.pdf (PDF, 2 MB)
Vedlegg1_Gjeldande plankart.pdf (PDF, 3 MB)
Vedlegg2_Revidert plankart.pdf (PDF, 684 kB)
Vedlegg3_Reviderte planføresegner med endringar.pdf (PDF, 143 kB)
Vedlegg4_Vurdering av eksisterande ROS-analyse.pdf (PDF, 599 kB)
Vedlegg5_Lengdeprofiltegning Tilkomst.pdf (PDF, 244 kB)
Vedlegg6_Tverrprofiltegning Tilkomst.pdf (PDF, 222 kB)
Vedlegg7_Profilar gjennom vei og båthavn.pdf (PDF, 286 kB)

Eventuelle merknader/innspel til den varsla endringa kan sendast til 
Omega 365 Protek AS, Norevegen 17, 5542 Karmsund eller via e-post mail.protek@omega.no 
innan 30.09.2026. 

Bernhard Endseth Nerland
Arealplanlegger/naturforvalter
+47 41 61 31 08

Omega 365 Protek

omega365.com