Varsel om planoppstart, høyring og offentleg ettersyn av planprogram for kommunenplanen sin samfunnsdel for Etne kommune

I samsvar med plan- og bygningslova §11-12 og §11-13 vert det med dette varsla om oppstart av arbeid med kommuneplanen sin samfunnsdel for Etne kommune, samt høyring og offentleg ettersyn av tilhøyrande planprogram.

Etne kommune sin planstrategi peiker ut tre hovudutfordringar som kommunen står ovanfor dei komande åra.

  • Demografiske endringar 
  • Auka attraktivitet og bulyst
  • Klimaendringar og naturpåverknad

Ny samfunnsdel og handlingsprogrammet til samfunnsdelen skal svare på korleis kommunen skal møte desse utfordringane.

Møtebok og planprogram er å finne på Etne kommune si nettside:  

Eventuelle innspel til oppstart av planarbeidet eller merknader til planprogrammet skal sendast som e-post til post@etne.kommune.no eller med post til Etne kommune, Sjoarvegen 2, 5590 Etne. E-post/brev skal merkast med kommuneplanen sin samfunnsdel. 
Frist for innspel og merknader er sett til 01.02.2025.