Varsel om planoppstart samt høyring og offentleg ettersyn av planprogram for områdeplan for Skånevik sentrum
I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 og §12-9 blir det med dette varsla om oppstart av arbeid med områdeplan for Skånevik med planID 202401, samt høyring og offentleg ettersyn av tilhøyrande planprogram.
Skånevik sentrumFøremålet med planarbeidet er å oppdatere plangrunnlaget, og ivareta Skånevik som eit attraktiv tettstadområde med fokus på bustadmiljø, nærleik til natur og friluftsliv.
Det vert samtidig varsla oppheving av gjeldande planar i området, jf. Pbl 12-14:
- Skånevik, Del 1: Sentrum Plan ID R-32DEL1
- Skånevik, Del 3: Vedladalen- Oppheim Plan ID R32DEL3
- Ligrend I Plan ID R-2 · Ligrend II Plan ID R-21
- Reguleringsendring gnr. 136 bnr.41 mfl. Ligrend R-98
- Reguleringsendring for Hokkelshaug, Skånevik Plan ID R-87
- Reguleringsplan for Skålnesstranda, Plan ID R-79
- Reguleringsendring for ferjekaien, Skånevik Plan ID R-78
- Reguleringsplan for Skånevik, gnr. 134/16 mfl. Plan ID R-60
- Detaljregulering for Lundmark Plan ID 201003
- Bebyggelsesplan, Skånevik, Be 8,9 og S19 Plan ID R-50
- Bebyggelsesplan, Skånevik, Be 1, del 3 Plan ID R-49
- Bebyggelsesplan, Skånevik, Be 7 Plan ID R-52
- Bebyggelsesplan, Skånevik Be A, del 3 Plan ID R-51
- Del av Skånevik Prestegard 131/1 Plan ID R-7
Eventuelle innspel til oppstart av planarbeidet eller merknadar til planprogrammet skal sendast som e-post til post@etne.kommune.no eller med post til Etne Tinghus, Sjoarvegen 2, 5590 Etne.
Frist for innspel og merknadar er sett til 09.01.2025.