Vedtak av skiltplan for busslomma ved Enge skule

Vestland fylkeskommune vil i samråd med skulen setje opp forbodsskilt i busslomma ved Enge skule. Dei nye skilta vil hindre personbilar i å bruke busslomma som dropplomme frå kl. 8 til 15 på kvardagar. Skilta gjeld ikkje buss, taxi og varelevering.

Busslomme Enge skule - Klikk for stort bildeBusslomme Eileen P. Selland

Bakgrunn for vedtaket er at det ved eksisterande busstopp er utfordringar med foreldrekøyring og av- og på stigning av elevar i same tidsrom som bussar kjem. Sidan busslomma er avgrensa av ein rabatt mot fylkesvegen, så stoppar trafikken til tider heilt opp. 

For å avgrense køyringa i busslomma, og hindre at foreldre også nyttar denne til parkering, er det ønske om å skilte med 306.1 «Forbod for motorvogn» med underskilt «Gjeld ikkje buss, taxi og varelevering» og vidare med tidsgrense på «8-15». Samstundes ønsker fylkeskommunen å supplere med eit ekstra 512 skilt på busstoppet, slik at det kjem tydelegare fram at dette er busstopp, og soleis parkeringsforbod i lomma jf. trafikkreglane.

Her er lenker til:

Fylket arbeidar for å få skilta på plass innan skulestart til hausten.