Rådgjevar for landbruk, Reidar Rødne, inviterte inn Statsforvaltaren i Vestland og Norsk landbruksrådgiving til å halde foredrag på Skakke for bøndene i Etne kommune.
Øyvind Vatshelle for Statsforvaltaren fortalte om bakgrunnen for den nye gjødselbrukforskrifta, overgangsreglane på fosforgrenser fram i tid, og ikkje minst: kva mogelegheiter har bonden for å møte dei nye krava.
| | Frå 2027 til 2029 | Frå 2030 til 2032 | Frå 2033 |
| Rogaland | 3,1 kg fosfor pr. daa | 3,0 kg fosfor pr. daa | 2,7 kg fosfor pr. daa |
| Troms og Finnmark | | 2,5 kg fosfor pr. daa | |
| Resten av landet | 2,8 kg fosfor pr. daa | 2,5 kg fosfor pr. daa | 2,3 kg fosfor pr. daa |
Tabell: Forskrifta sine grenseverdiar for fosformengd.
Det vart etter kvart tydeleg at alle problemstillingar ikkje er ferdigtygde, og Etne kommune vil framover ha tett samarbeid med Statsforvaltaren for at dette skal bli mest mogeleg oversiktleg og handterbart for bonden.
Norsk Landbruksrådgjeving (NLR) ved Sondre Lauareid Hovda fortalte vidare om prosjektet «Konsekvens og moglegheiter ved ny gjødselvareforskrift i Etne kommune». Med klima- og miljømidlar frå Statsforvaltaren vil NLR mot neste haust rekne på mellom anna spreieareal pr. bruk.
Les meir om dei nye reglane inkl. rettleiing og kalkulator her: Nye regler for lagring og bruk av gjødsel trer i kraft - Landbruksdirektoratet
Ny gjødselbrukforskrift (PDF, 5 MB)
Takk til alle som tok turen til Skakke denne dagen!