Velkommen til Jule-Mingel

I regi av Bu i Sunnhordland skal Etne kommune arrangere JULE-MINGEL på House of Blues i Skånevik fredag 20. desember kl. 19.00.

Annonse, same innhald som tekst - Klikk for stort bilde

Føremålet med kvelden er å freiste ungdommane til flytte heim. Kva kan då vere betre, enn å arrangere mingel saman med lokale verksemder når ungdomen er heime på ferie..?

Dette blir ein kveld der studentar, tilreisande og innbyggjarar som allereie bur i kommunen, kan mingle med kvarandre og bli kjend med dei flotte verksemdene i kommunen vår.

Me håpar sjølvsagt at nokon skal få lyst til å flytte til kommunen vår etter å ha deltatt på denne kvelden.

Møt hyggeleg lokalbefolkning og andre nyinnflytta, og få praktisk informasjon om alt frå kor du kan jobba, eta og kor du kan gå på tur. 

Det vert sett opp minibuss tur/retur Etne senter – Skånevik. Avgang frå Etne 18.30 og heimreis 22.00.

Minikonsert med Sindre Sydnes🎸🎄🎼

Desse bedriftene kjem:

Me gler oss til å trefffe DEG🤩

Påmelding