Verdsdagen for psykisk helse

Fredag 17. oktober kl. 11 - 13.30, Litlesalen, Skakkesenteret

Plakat - Klikk for stort bilde

I år er tema på Verdsdagen: Me treng å styrke vår psykiske beredskap. 

Elin Tvedt, tidlegare programleiar, fortel si historie om å meistre å snu det vonde til ein styrke gjennom "Sårbar styrke". 
Vidare vil Kristin Tofte, NAV leiar Vindafjord-Etne formidle kunnskap om korleis NAV kan bidra til å få fleire ut i jobb og førebygge utanforskap. 
Etterpå Sofasamtale om psykisk beredskap og mental helse i arbeidslivet med desse og ein arbeidsgjevarrepresentant. 
Høve til å stille spørsmål til panelet. 

Arrangementet er i samarbeid med psykisk helse og rustenester i Etne og Vindafjord kommunar, Medvind24 og Etne og Vindafjord mentale helse. 
Etne og Vindafjord mental helse spanderer kaffi/te og det vert høve til å kjøpe enkel lunsj.

Arrangementet er gratis

Påmelding til  verdensdagen for mental helse