Veteranplan 2024-2027

Den felles veteranplanen for kommunane Utsira, Haugesund, Karmøy, Tysvær, Bokn, Sveio, Etne, Sauda, Suldal og Vindafjord skal spegle det viktige oppdraget veteranane har utført for fred og fridom gjennom sine internasjonale operasjonar.

Forsvarsdepartementet sin definisjonen av Internasjonale operasjonar jfr. Stortingsmelding nr. 15 (2019 – 2020) Kapittel 3:

«Internasjonale operasjonar omfattar i utgangspunktet alle militære operasjonar i utlandet som blir godkjent av norske politiske styresmakter. Kjernen i ein Internasjonal operasjon er bruk av militære styrkar i utlandet for å skapa, bevara eller retta opp igjen fred og stabilitet. Dette omfattar ikkje forsvar av Noreg eller NATO-allierte. Vidare blir definisjonen avgrensa mot anna teneste i utlandet eksempelvis deltaking i militære øvingar og teneste ved ståande internasjonale militære hovudkvarter og stabar, og definisjonen omfattar berre operasjonar som krev bruk av militære styrkar.»

Deltaking i internasjonale operasjonar med personell frå Forsvaret, Justis- og Utenrikssektoren er ein viktig del av den norske forsvars- og tryggleikspolitikken.
Våre første veteranar frå internasjonale operasjonar, slik det vert definert i dag, var soldatane i Tysklandsbrigaden. I alt tenestegjorde ca. 50.000 norske soldatar i Tysklandsbrigaden og Tysklandskommandoen, den personellmessige største operasjonen. Deretter følgjer UNIFIL (Libanon) med 34.000 soldatar. Dei seinare åra har mange nye veteranar kome til etter mellom anna operasjonar på Balkan, i Afghanistan og i Mali.

Det er eit samfunnsansvar å ivareta veteranar frå internasjonale operasjonar. Sidan 1947 har over 100.000 nordmenn tenestegjort i internasjonale operasjonar. Dette omfattar ca. 120 operasjonar på fire kontinent. Det finst også politiveteranar i våre kommunar, men tal på desse har me ikkje.

Denne interkommunale veteranplanen byggjer på regjeringa sin oppfølgingsplan og målsetjinga er å auka anerkjenninga, ivaretakinga og oppfølginga av norske veteranar.

Felles veteranplan på Haugalandet 2024-2027.pdf (PDF, 8 MB)

Saksframlegg for Felles veteranplan.pdf (PDF, 576 kB)

Felles veterankontakt