Vi minnast Kong Harald – gratis filmvising på Skakke
I høve HM Kong Harald V sin bortgang inviterer Skakke og Etne kommune til gratis vising av filmen frå det historiske kongebesøket i Etne i mai 2026.
Sonja Frafjord
Onsdag 2. september kl. 19.00 blir filmen vist på Skakke. Publikum må bestille billett på Kultur - Skakke. Billetten er gratis.
Ordføraren held eit innlegg før filmen.
Me minnast med takksemd Kong Harald si vitjing til kommunen vår i mai. Det blei ein dag der heile kommunen samla seg til feiring av Kongen – ein dag som står i ein ekstra glans i dag, og som vil stå som eit kjært minne også i framtida.
Etne kommune vil takka Kong Harald V for alt han har gitt folket gjennom si gjerning.
Takk for alt, Kong Harald.
Publisert 28.08.2026 14:53
Sist endret 28.08.2026 14:53