Viktig informasjon om dronebruk i turistsesongen
Luftfartstilsynet ønskjer å formidla viktig informasjon om reglane for bruk av dronar.
Dronar blir stadig meir populære blant turistar som ønskjer å fanga unike bilete og videoar frå lufta. Men det er viktig å vera klar over at det er reglar og avgrensingar for kvar og når desse dronane kan brukast, spesielt i naturvernområde og andre sensitive stader.
Luftfartstilsynet har laga informative plakatar som klart illustrerer desse reglane. Plakatane kan bidra til å førebyggja regelbrot som kan resultera i bøter, fengsel og beslag av dronen.
Luftfartstilsynet.no

In english