Viktig informasjon om pasienttransport i Etne frå 1. juni 2025

Helse Fonna informerer om at dei frå og med 1. juni 2025 ikkje lenger har avtale med drosjar for pasienttransport i enkelte område – blant anna Etne kommune.

Kva betyr dette for deg som pasient?

Dersom du har fått rekvisisjon (tilvising) til transport frå lege eller anna behandlar:

  • Du må sjølv bestille drosje
  • Du må betale for turen sjølv, og deretter sende inn krav om å få pengane tilbake (refusjon)
  • Du kan få refusjon dersom reisa er medisinsk nødvendig og du har rekvisisjon, eller det ikkje finst rutegåande transport.

Slik fungerer det:

  1. Behandlaren din vurderer behovet og rekvirerer reisa i systemet NISSY. 
  2. Du bestiller sjølv transporten - til dømes ved å ringe drosjesentralen. 
  3. Du betaler for turen sjølv og tek vare på kvitteringa – den må leggjast ved når du sender inn reiserekninga
  4. Send inn reiserekninga innan 6 månader etter reisa

Me har stor forståing for at dette er ein utfordrande situasjon, eit utlegg kan fort bli fleire tusen kroner. Me veit at nokon drosjeselskap har valt å senda faktura til pasienten. Då kan pasienten søka om refusjon, og få det innvilga i løpet av 4 dagar, for så å betale rekninga.

Korleis sender du inn krav om refusjon?

  • Digitalt: Gå til helsenorge.no/pasientreiser
  • På papir: Skjema og konvolutt får du hos behandlar eller på behandlingsstaden. 
    Send til Pasientreiser HF, Postboks 2533, 3702 Skien
  • Du treng ikkje legge ved dokumentasjon på at du møtte til timen, så lenge behandlaren din har bestilt reisa på førehand

Hugs å legge ved kvittering for betalt transport. Rekvisisjonen blir automatisk sendt med søknaden og dokumenterer behovet ditt.

Dersom det ikkje går buss eller anna rutegåande transport:

Du kan ha rett på rekvisisjon på trafikalt grunnlag. Ring Pasientreiser på tlf. 05515 for å få vurdert dette.

Samkøyring og spesialløysingar

Pasientreiser i Helse Fonna vil prøve å organisere samkøyring der det er mogleg – til dømes frå ferjekaien eller heimeadressa di. Du vil få beskjed dersom dette gjeld deg.

Treng du hjelp?

Les meir på Helse Fonna si nettside

Ring pasientreiser: 05515

Send e-post: pasientreiser@helse-fonna.no

Logo Helse Fonna - Klikk for stort bilde