Vil du gi ei julegåve? Slik kan du bidra!

Vil du bidra til at fleire barn og unge får ei fin jul? Då kan du vere med på årets julegåvetreaksjon i Vindafjord og Etne!

Tre røde julegåver - Klikk for stort bilde pexels pixabay

Etne senter, Ølen senter og Ølen torg står det julegåvetre med hjarte som inneheld alder, kjønn og gaveønske frå barn og unge i familiar som har det økonomisk krevjande.

Slik gjer du:

  1. Gå til eit av trea og plukk eit hjarte.
  2. Kjøp gåva som står på hjartet.
  3. Lever gåva (gjerne innpakka og med gåvenummer synleg) til:
    • Princess på Etne senter
    • Brukthjørna på Ølen senter
    • Handelshuset på Ølen Torg

Gåvene blir samla inn og delt ut anonymt før jul.

Takk for at du bidreg til å spreie juleglede! 💝